Siden dei tidlegaste tider har
menneske praktisert musikk. Det ligg i vår natur –
alle kan synge, danse, plystre eller slå ein rytme med hendene.
Alle gjer det også, bevisst eller ubevisst. Det er eit slags
språk, som kan formidle følelsar og meiningar på
ein annan måte enn det vanlege språket vårt.
Musikk er eit uttrykk for kultur, den avspegler meiningar, filosofiar
og religionar i samfunn og menneskegrupper. Ikkje berre gjennom
tekst, også med dans og måten musikken er spelt på.
Det første instrumentet mennesket hadde var tromma, seinare
utvikla den seg til instrument med forskjellige notar. Instrumenta
utvikla seg til avanserte konstruksjonar med finmekanikk, t.d
kyrkjeorgel eller fiolin. I dag går utviklinga mot å
etterlikne desse instrumenta digitalt, samstundes som ein prøver
å utvikle nye idear og lydbilder med den digitale teknologien.
|
|

|